Hjem

Sambuarskapet med Ketill, kalla "Tiil", vara i litt over ti år. Det skulle vere noko meir enn eit gjennomsnittleg ekteskap i dag. Me var vanemenneskje som åt og drakk, røyka, gjekk tur og sov. Det måtte ta slutt. Svaksynt, døv og med dårleg fordøyelse sa han takk for seg. Eg har dei same plagene og fleire til, men må visst vente ei beite ennå - relativt kort tid ifølgje "Gud helbreder"-ministeren.

Tekst og foto Ingvar Skobba http://ingvar-skobba.no/

Ketill vart fødd 3. mars 1990 i Sørskogsbygda og levde halvtanna år på Hvaler før han var så heldig å få komme til Bø. Her blei han hjelpt over til dei evige lundemarker 3. januar 2003.

Ketill var ein av dei rundt 500 - 600 lundehundane som me har i Norge. Dei er norskare enn både elghunden og buhunden - kanskje frå ei lita ulvestamme på dei isolerte Lofotøyane, som for 18 000 år sidan var det einaste isfrie området langs kysten. Rasen har fått eige vers av Petter Dass i "Nordlands trompet" frå sist på 1600-talet.

Han rimar:

". ..afrettede Hunde,
som ud af dannelse smidig og smaa,
de kan indkrype den trangeste Vraa
og udtrække de levende Lunde"

Det var den historiske oppgava til Ketills forfedre. Difor utvikla ulvestamma spesialitetar som seks tær på forlabbane og fem på bakføtene. I tillegg var han så mjuk at han utan problem kunne bøye hue bakover slik at issen rørde ryggen, og muskulaturen i skuldrane var slik at han kunne slå ut med armane. Eg trudde at det siste var noko han hadde frå meg. Alle desse særtrekka var for å tene jakta på lundefuglar i fjella på Værøy og Røst. Dei seks tærne på framlabbane gav godt klatregrep, og dei fem bak gav solid veggrep når hunden skulle bevege seg i dei bratte og nærast uframkommelege fjellskrentane. Mjukleiken blei bruka "Når hunden er krøpet inn i en smal gang i uren og skal ut igjen, snur den seg ved å legge seg på siden og bøyer seg bakover i en bro for så å karre seg rundt og krype forlengs ut". Dette har eg aldri greidd. Ein annan eigenskap var å kunne stengje øyra inntil hovudet omtrent som ein sel, slik at dei ikkje blei fylt med jord og støv i dei tronge fjellgangane. Dette var ein eigenskap eg gjerne skulle hatt på arbeidsplassen min på Bø vidaregåande for å sleppe å høre surr og tull frå diverse hald.

Petter Dass ville ha det til at når fyrst hunden hadde fått tak i ein fugl i eit kull, så beit dei andre seg fast til kvarandre slik at han drog ut heile kulla frå holene - Petter Dass held fram:

Naar Hunden nu napper den Lunde ved Hals
Som fremmeste ligger, hvis Liv er til fals,
Begynder han flux til at drage;
Den fremste ved Stierten og følges saa ad,
Alt medens der een er tilbage.
Hvorfore det skeer at en eneste Hund
Udslæber med engang af mørkeste Grund
Tolv, Trætten, ja Fiorten og fleere,

Kjøttet var føde for folk, og dun og fjør blei frakta til handelsplassar i Nord-Tyskland etter som dyner og blaute puter blei ein kontinental motepå 16-1700-talet. Me sov ennå lenge i fellar med stein under hue. Frå øyane i Lofoten heiter det at ein god lundehund var like mykje verdt som ei ku, og kvart barn fekk ein valp i dåpsgave.

Det er lite med lundefugl her i bygda, og lundheringar brydde han seg som bøhering lite om. Men Ketill heldt deilar av Langkåshaugen fritt for lemen når det var slike år. Det skal han ha.

Da dei gjekk over til garn på fuglefjella, mista hunden sin funksjon, og rasen var nær å døy ut. Nokre ildsjeler redda heldigvis ein flokk som var igjen på fiskeværet Mostad på Værøy.

"Tiil" fekk aldri noko sløyfe til tross sin vakre skapnad. Han mangla ei ekstra tå på ein labb, og dermed var lagnaden hans som ikkje-utstillingsobjekt bestemt. Som kompensasjon fekk han i staden syttandemaisløyfe. Slik var me begge litt pussa på grunnlovsdagen. Lenge trudde eg at ilska hans, lysta til å gøy i tide og utide samt evna til å bite frå seg høyrde rasen til, men så las eg "Minneord om Lady av Høstli" i "Lundehund - Nytt", - me har sjølvsagt eige blad -: "at du viste aldri sinne, var tålmodig og hadde godt lynne". - I tillegg fortalde ein tosk meg ein gong at hunden blir som herren. Ifølge "Vår hund En hundedagbok", der ein kan notere store og små hendingar, beit han svigermor si, "Besta-Skobba", i jula 1996 så ho silblødde. Til å vera berre ein hund, hadde han altså menneskjelege trekk. Dette er forresten det einaste som er nedskrive utanom vaksiner og slikt.

Min neste sambuar skal vera som Ketill - lye når ein snakkar og lett å halde rein.